søndag 19. oktober 2014

Ann Griffiths


Minnesmerke i Pont Llogel (Foto: Penny Mayes, Wikimedia Commons)
Ann Thomas vart døypt i april månad 1776 i soknekyrkja i Llanfihangel-yng-Ngwynfa. Heile livet sitt levde ho på garden Dolwar Fach i Wales. Ho hadde fire sysken. I oktober 1804 gifta Ann seg med Thomas Griffiths.  Barnet deira, Elizabeth, vart fødd 13. juli 1805 og døypt same dagen, men levde ikkje meir enn eit par veker og vart gravlagt 31. juli. Kort tid etter døydde Ann Griffiths sjølv, 29 år gammal, og ho vart gravlagt på kyrkjegarden i Llanfihangel-yng-Ngwynfa 12. august 1805. I 1808 døydde mannen Thomas av tuberkulose.

Når Ann frå Dolwar Fach blir hugsa, er det på grunn av salmane hennar. Ho levde i eit område der folk snakka walisisk, og der gamle folketradisjonar var høgst levande. Familien hennar var ein del av dette samfunnet, og faren hadde ein viss posisjon. Familien Thomas høyrde ikkje til nokon rik overklasse, men var heller ikkje mellom dei fattigaste i dette bygdesamfunnet. Sjølv ser Ann ut til å ha vore ein leiartype.

Som så mange andre i Wales på denne tida, vart ho ein del av dei sterke metodistiske vekkingane. I mange år levde denne rørsla meir eller mindre innanfor den etablerte anglikanske kyrkja i Wales. Det formelle brotet kom først i 1811, nokre få år etter at Ann var avliden. Men sjølv i tida før det formelle brotet var spenningane mellom vekkingsrørsla og dei som sat i dei kyrkjelege posisjonane, sterke. Spenningar i dei walisiske lokalsamfunna var det òg. Dei kalvinistiske metodistane i Wales hadde sine eigne predikantar, sine eigne lokale forsamlingar eller venesamfunn, og sine vidare geografiske nettverk. Etter kvart danna altså dei kalvinistiske metodistane sitt eige frikyrkjesamfunn, og vart den største av frikyrkjene i Wales. Den sterke oppslutnaden om desse kyrkjene på 1700- og 1800-talet gjorde at Wales ein gong gjekk for å vera The Land of Nonconformists.

Ann vart fødd inn i denne historiske samanhengen. Ho gjekk gjennom ei åndeleg brytning og slutta seg til metodistane i 1796/97. I ei rørsle som langt frå var ukjent med sterke kjensler og kraftige uttrykksformer, ser likevel Ann ut til å stå fram som ein person med opplevingar og eit indre liv utanom det vanlege. Det ho først og fremst blir hugsa for, er salmane hennar. A.M. Allchin har i boka Resurrection’s Children skrive eit vakkert essay om tre walisiske kvinner: Mary Jones, Ann Griffiths og Ruth Evans. Dei levde på same tid og budde i nokolunde same området av Wales. Mary Jones får vera for denne gongen, det var ho som vandra milevis for å få tak i ein bibel, og som skal ha inspirert til skipinga av bibelselskapet i Storbritannia. Ruth Evans skal eg koma tilbake til om nokre få linjer. Men først til det Allchin skriv om Griffiths:

«(…)Ann was a genius and a poet. Only two great women poets have been acknowledged in the long history of Welsh literature, and she was one of those two. She was, moreover, a woman of great intellectual and spiritual gifts. If we must call her a mystic – and it seems we can hardly avoid that word – then we must say she was a mystic of a deeply intellectual kind. There can be no doubt about the power of feeling in her hymns, but the power of her intellect may surprise us even more.» (Resurrection’s Children 1998, s. 26)

Noko av det som fascinerer mest med historia til Ann Griffiths, er måten salmane vart tekne vare på for ettertida. Ann kunne både lesa og skriva. Men det var ikkje ho som skreiv ned sine eigne salmar. Tvert om ser det ut til at ho ikkje meinte at salmane skulle skrivast ned for ettertida. Likevel har vi i overkant av 70 vers - sette saman til 30 salmar - etter henne. Eit av versa finst i eit brev Ann skreiv, men dei aller fleste vart berga for ettertida på ein annan måte. Ruth Evans tente på garden Dolwar Fach. Mellom dei to kvinnene var det eit nært fellesskap, og Ann delte salmane med Ruth. Sjølv kunne ikkje Ruth skriva, men ho lærte seg versa utanåt. Etter at Ann døydde, sa ho fram tekstane til mannen sin John Hughes, som skreiv dei ned. Dermed vart den munnlege tradisjonen frå Ann Griffiths sikra eit varig liv.

Alle salmane er på walisisk, men det finst engelske omsetjingar. Både salmetekstar og informasjon om forfattaren finst på ein eigen nettstad om Ann Griffiths ved Cardiff University, redigert av Dr E. Wyn James. Omsetjingar til norsk har eg ikkje støytt på, men eg skulle likt å vita om det finst nokon.

A.M. Allchin har karakterisert livet til Ann Griffiths med nokre linjer frå ein seinare walisisk poet, Waldo Williams (her i engelsk omsetjing):

What is living? Having a great hall
Between narrow walls.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar