fredag 6. desember 2013

Kule ord (6): Oskefisen

Slik Th. Kittelsen såg han. Biletet er frå
Nasjonalbiblioktet og gjengitt på Wikimedia Commons
Alle kjenner Askeladden, eller Oskeladden, som er helten i mange av dei norske folkeeventyra.  Lite påvørd er han av sine næraste, og målt opp mot dei to eldre brørne er han helst som ein ubrukeleg tufs å rekna. Utover i eventyra er han likevel ei stigande stjerne, gløgg og heldig som han er. Det går alltid godt til slutt for Oskeladden.

Eller for Oskefisen. For det fanst på folkemunne fleire variantar av namnet til eventyrhelten. Store norske leksikon slår fast at det eldste namnet, som var utbreidd over heile landet, var det fellesnordiske Oskefis.

Namnet skjemmer ingen, heiter det. Det kan nok diskuterast. Wikipedia skriv at namnet «peikar mot at han har til oppgåve å halde elden på grua ved like, noko han gjer ved å blåse til han (eller fise, som tyder mest det same). Han blir beint fram rekna som "ein liten fis" av dei eldre brørne.» I Wikipedia blir det òg gitt ei artig forklaring på at namnet Oskefisen har falle ut av eventyra slik vi kjenner dei:

I dag er det nemninga "Oskeladd" som er mest nytta, sjølv om Oskefisen var til stades i alle eventyroppskriftene (det finst og døme på namnet "oskepott" nytta om guten). Skiftet skuldast reinskrivinga som vart gjort av Peter Christen Asbjørnsen i høve den første eventyrsamlinga frå 1843. Ordet fis vart rekna som usømeleg, og Asbjørnsen nytta "Oskepott" i den første utgåva si. Ordet "Oskeladden" vart truleg innført seinare, av Moltke Moe, for ikkje å blande eventyrhelten med heltinna frå det tyske eventyret Oskepott (Aschenpützel). Sidan har "Oskeladden" vore mest einerådande.
Og medan vi først kjenner draget frå den flaue brisen og andre luftstraumar i midtre regionar, passar det å trekkja fram eit anna ord, som kanskje kan få sin renessanse: verbet å porla. Det har eg kome over i boka Kav stril, ei leseverdig ordsamling frå Sotra og Øygarden, som kom ut no i år. I følgje boka er porla det same som å «småfjerta». Opphavet til ordet er ikkje forfattaren av boka heilt sikker på, men nemner at ordsamlarane på 1880-talet fann verbet «purla» (sprudla, vella fram, bobla) i det same geografiske området.

Med det er det slutt på fisepreiket for denne gong.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar